page view image

Hornelen Via Ferrata – Hekseveggen

I samarbeid med Hornelen Via Ferrata ønskjer vi deg velkommen til Hekseveggen, ein guida halvdagstur på nedre halvdel av mektige Hornelen. Transport tur/retur er inkludert, oppmøte ved Haffen i Florø.

Information
event image

Denne turen er for deg som er sporty og har lyst til å utforske ein ny aktivitet, utfordre høgdeskrekken, dra på familie- eller vennetur. Våre dyktige guidar tar hand om tryggleiken slik at du kan nyte aktiviteten, fokusere på deg sjølv, gjengen og naturopplevinga.

Det å klatre ein Via Ferrata spektakulære omgjevnader skapar djuptgåande mestringskjensle. Turen startar med anmarsj frå fjæra, ca. 45 min. Så følgjer ca. 3 timar klatring, før returen på ca. 1,5 time.

Først går ein Ørnelia, der ein får kjent på korleis utstyret funkar, testa tak og utfordra tyngdekrafta. Vidare klatrer vi mektige og bratte Hekseveggen opp til Smalsarhuken, der ein et lunsj og nyt utsikta i godt selskap. Her tørkar ein sveitten samt kjenner på mestringsfølelsen!

Deretter følgjer ein returstien tilbake til Basecamp Hornelen. Dette er turen for deg som testar Via Ferrata for første gang, vil utfordre høgdeskrekken litt og ha ein fin naturopplevelse utan for mykje eksponering for veldig luftige svev. Denne turen tar rundt 5 timar frå start til slutt.

Inkludert:
• Transport til og frå (bil)
• Via Ferrata sett
• Hjelm
• Sele
• Guiding

Ta med:
• Sko
• Hanskar
• Passande bekledning (hanskar kan kjøpast i butikken)
• Dagstursekk
• Nok mat og drikke

Det kan vere lurt å sjekke sikkerheitsreglane, praktisk informasjon og bli kjent med teamet til Hornelen Via Ferrata. Sjå info på hornelenviaferrata.no/hekseveggen/

hornelen

Einschränkungen

Aldersgrense: 16 år

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Atterhald om vêr, ved evt. avlysning grunna dårleg vêr vert billettane refundert.