Coasteering
Coasteering er ein leiken og spennande måte å vere i naturen på. Du rører deg både i vatn og på land langs klipper ved sjøen, og du kan dykke, hoppe, klatre og leike.
Information
![event image](https://tuploads.s3.eu-west-1.amazonaws.com/production/uploads/event/image/628469/default_file-1718955421.jpeg)
Vi har eigne kvalitetssikra coasteeringløyper samt riktig utstyr til å drive aktiviteten på ein trygg måte, samstundes som vi beheld spenninga.
Eigenerklæring må fyllast ut og det blir gitt ei munnleg innføring i retningslinjer for deltaking før aktiviteten startar.
Aktiviteten tek totalt 2,5 timar inkludert klesskift og instruksjonar.
Vi anbefalar å bruke badetøy under våtdrakta. Ha i tillegg med handkle samt varme og tørre klede til etter aktiviteten.
Restrictions
Aldersgrense: 12 år
Waiver
Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlysing frå arrangør si side grunna t.d. uvêr