Havrafting med fottur til Alden

I samarbeid med Flora Turlag tilbyr vi fottur til Alden med havrafting som transport til og fra. Turlaget sine guidar tek deg med på ein fin tur i vestlandsk natur.

page view image

Tickets Not Available

order
Tickets not available anymore
event image

Event information

Alden er ei øy i Askvoll kommune som ligg mellom Atløyna/Tvibyrge og Værlandet. Fjellet Norskehesten gjer øya lett gjenkjenneleg frå lang avstand. På denne turen vinn ein fort høgdemeter, og toppen 460 m.o.h. byr på ei fantastisk utsikt over store delar av ytre Sogn og Sunnfjord. Transport til og frå er med RIB, noko som gjer naturopplevinga ekstra frisk. Turen tek ca. 2,5 time + 1 time med båt t/r.

Ta med kle i henhold til været som er meldt, fjellsko, niste og drikke.

Oppmøte på vestsida av Amfi, mot Florevika: https://maps.app.goo.gl/spsV8medkA4tKcWx5

Restrictions

Vanskelegheitsgrad: Medium
Aldersgrense: 16 år

Waiver

Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlysing frå arrangør si side grunna t.d. uvêr

Tags

havrafting
fottur
Organizer
Våt Moro